Samstemte om Alver

imageNamnekomiteen foreslår Alver som namn på den nye kommunen. No går saka vidare til førebuande fellesnemnd.

Då namnekomiteen møttest fredag føremiddag fekk dei framlagt ei liste på fire kommunenamn frå referansegruppa. Desse er Alver, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord.

Referansegruppa hadde 11 namn som utgangspunkt for den jobben dei skulle gjera.

– Eg er overraska over kor like innspel medlemmane i referansegruppa hadde, seier Asle Hetlebakke, politisk medlem i gruppa. Referansegruppa gav Alver 7 stemmer, Knarvik 6, Radfjord 2 og Kvernafjord 2.

Framtidsretta

Etter ein grundige drøftingsrunde, samla dei seks politikarane i namnekomiteen seg om Alver som deira innstilling til namn på den nye storkommunen i Nordhordland. Desse er Nina Bognøy og Asle Hetlebakke frå Lindås, Anne Grete Eide og Nils Marton Aadland frå Meland, Laila Pletten og Jostein Borlaug frå Radøy.

– Namnegruppa starta arbeidet med ei liste på om lag 200 namn, no er vi nede på fire. Eg håpar vi klarar å komma fram til eit forslag som dei tre kommunestyra kan støtta opp om. Har vi fleire forslag, er det andre som tar avgjerda for oss, seier Nils Marton Aadland. Han er klar på at Nordhordland har vore hans favoritt frå dag ein, men han ser utfordringane i forhold til dei andre kommunane i regionen. No held han ein knapp på Knarvik utifrå at dette er namnet på regionssenteret og framtidsbyen i den nye kommunen.

Nok Knarvik

– Eg har sans for fjordnamna, også med tanke på internasjonal marknadsføring, men eg ser problematikken med korleis skriva desse to fjordnamna. Knarvik vil vera kommunesenter og på sikt byen, kanskje det er nok. For mange vil det også vera nokså kontroversielt. Alver er eit slags krysningspunkt for dei tre kommunane, det er lett å skriva og uttala, seier Jostein Borlaug.

– Min favoritt har vore Knarvik, men eg er open både for Alver og Knarvik, seier Anne Grete Eide.

– Min favoritt har vore Lindås, men det er ute. Folk veit ikkje kor Radfjord og Kvernafjord er. Eg trur Knarvik kan bli problematisk i Språkrådet, då det ligg tett opp til andre kommunenamn. Alver er det namnet som eg får signal om  er mest samlande, seier Asle Hetlebakke.

Kort og lyrisk

– Tanken er å bygga noko nytt, det har prega undersøkinga, dei historiske intervjua og referansegruppa. Eg synest Kvernafjord har vore stilig, men eg ser utfordringa med det. Eg er overraska over at Lindås er ute, men det fortel at referansegruppa har tenkt nytt. Alver er eit kort, lyrisk og nybyggande namn, seier Nina Bognøy.

– Eg og har sansen for fjordane, men ser at dei namna kan bli vanskelege med tanke på skrivemåte og uttale. Knarvik er konfliktfylt der eg ferdast, så Alver er det eg står på, seier Laila Pletten.

Namnet står seg 

Namnekomiteen hadde også ein drøftingsrunde rundt namnet i forhold til at fleire kommunar kan bli med i storkommunen på sikt. Dei held fast ved at Alver vil vera eit samlande namn.

Namnet  skal drøftast i førebuande fellesnemnd 15. Mai. Deretter går det vidare til dei tre kommunestyra 22. Juni, før fylkesmannen tar namnet vidare til departementet. Endeleg vedtak vert gjort ved kongelig resolusjon i haust.

Close Menu