Ein open prosess

Samanslåing av dei tre kommunane, Meland, Lindås og Radøy er ein omfattande prosess som krev ei stor grad av involvering for at resultatet skal bli best mogleg.

Samanslåing  vert organisert som eit program, der det administrative nivå tar hand om programstyringa, og der det skal tilsetjast ein programansvarleg som seinare vert rådmann i den nye kommunen. Inntil vedkommande er tilsett, er det dei tre rådmenna som har denne oppgåva.

Mandag vart partssamansett utval (PSU) orientert om den administrative organisering av programmet.  I PSU sit førebels fellesnemnd og to hovudtillitsvalde frå kvar av dei tre kommunane.

Tillitsvalde involvert

Slik styringsstrukturen no er lagt opp, er dei tilsette representert med to hovudtillitsvalde frå kvar kommune i PSU på politisk nivå. I tillegg vil dei ta del i månadlege programmøte på administrativt nivå, og i sektorprosjektgrupper.

I møte i PSU gav Jarle Næss, på vegne av dei hovudtillitsvalde uttrykk for at dette er ei administrativ organisering dei ikkje er tilfreds med. I ein protokolltilførsel bed dei om at dei hovudtillitsvalde må ha representasjon inn i programstyringa. Dei påpeikar og at det må komma klart fram korleis vernetenesta er tenkt involvert.

Lindåsrådmann Ørjan Raknes Forthun som er sakshandsamar, sa at ein i tillegg til prosessen i PSU må sikra drøfting og medverknad av tillitsvalde i dei eksisterande kommune, som har ansvar for dei tilsette fram til 31.12.2019. Han presiserte og at det er politikarane som bestemmer arbeidsdeling mellom politisk og administrativt nivå, og at førebuande fellesnemnd ikkje gjer vedtak, men innstiller til endeleg fellesnemnd.

-Vellukka prosessar er prega av at folk snakkar seg til gjensidig tillit, og det er viktig at vi får testa at vi har felles forståing. Førebels fellesnemnd (FF) er som eit kommunestyre utan land. Alle debattar vert tatt i plenum her, og dei ulike komiteane skal rapportera hit, sa Radøyordførar Jon Askeland.
-Tillitsvalde skal absolutt involverast og ikkje vera underordna i den krevjande men veldig spennande prosessen, sa Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Saka vart tatt til orientering.

Andre saker

  • Førebels fellesnemnd er samd om å be dei tre kommunestyra gje dei fullmakt til å gjennomføra ein prosess med å engasjera ein prosjektleiar for arbeidet med samanslåing for perioden august 2017-juni 2020.
  • Bjarte Vatnøy frå Lindås, Sølvi Knudsen frå Meland og Else Marie Dale frå Radøy er vald til å sitja i valkomiteen , som skal koma med forslag til medlemmar til ulike politiske komitear som det er behov for i prosessen, fram til ordinær fellesnemnd er etablert. Dei konstituerer seg sjølve, og får administrativ støtte frå Radøy kommune. Valkomiteen har ikkje varamedlemmar.
  • Kontrollutvala i Lindås, Meland og Radøy vert bedne om å foreslå revisor for arbeidet i Fellesnemnda. Innstillinga må vera klar i god tid før §25 møtet 22. juni.
  • Else Marie Dale er vald som politisk representant til førebuande kyrkjeleg fellesnemnd. Leif Hosøy Sleire og Sølvi Knudsen er varamedlemmar.
  • 25-møtet som vert leia av fylkesmann Lars Sponheim vert halde i Lindåshallen 22. juni. I forkant av dette møtet skal kommunestyra velja sine representantar til endeleg Fellesnemnd.
  • FF vart og informert om namneprosessen, og dei 11 namna som namnekomiteen no har spelt inn til referansegruppa som skal levera 3-5 namn tilbake til namnekomiteen. 5. mai legg dei så fram si innstilling, på maks 3 namn til saksførebuande utval som legg fram sak for FFi møte 15. mai. Endeleg namn vert vedtatt i dei tre kommunestyra i juni, og skal så godkjennast ved kongeleg resolusjon i haust.

Av Randi Bjørlo

Close Menu