Kva skal kommunen heite?

image11 namn vert no send vidare frå navnekomiteen (bildet) til referansegruppa. Deira mandat er å komma tilbake med 3-5 namn.

– Vår liste er resultat av det mandatet me har fått, basert på innspela frå innbyggjarane, resultat av spørjeundersøkinga og dei historiske intervjua, seier Nina Bognøy, leiar i namnekomiteen.

11 namn på lista

Dei 11 namna som no går vidare til referansegruppa er:

Alver, Alversund, Flatøy, Håøy, Knarvik, Kvernafjord, Lindås, Lygra, Nordhordland, Radfjord, Seim.

Spørjeundersøkinga

Rundt 300 personar har svart på spørjeundersøkinga der målet var å få veta noko om kva innbyggjarane assosierer med og meiner er felles for dei tre kommunane. Resultatet viser at innbyggjarane er framtidsretta, og meiner gode oppvekstvilkår og fokus på idrett, kultur, næring og samhald pregar kommunane.

Les også Nærare 200 namneforslag

 

Close Menu