Nærare 200 namneforslag

Forslag 2

 

Det har vore eit imponerande engasjement rundt  utfordringa om å finna namn til den nye storkommunen i Nordhordland. Om lag 200 namneforslag er spelt inn frå innbyggarar i Lindås, Meland og Radøy, frå omengskommunane og frå andre stader i landet. Fleire av namna er foreslått av mange, så langt fleire enn 200 har engasjert seg.

Enormt engasjement

-Tusen takk for alle innspela både frå nær og fjern, og for det enorme engasjementet som folk har vist gjennom heile prosessen, seier Nina Bognøy, leiar i namnekomiteen.
-Mange har gjort ein god jobb med grunngjeving, der det m.a. vert vist til konkrete historiske hendingar, seier ho.

Også i denne siste runden er namn som Knarvik, Alver, Lindås, Radfjorden og Håøy på lista, i lag med mellom andre Heimalanne, Hordane og Litlebergen – og ei rekkje forslag der bokstavar frå dei tre kommunenamna er sett saman.

Klart mandat

-Komiteen må no gjera eit sorteringsarbeid, forankra i det mandatet førebuande fellesnemnd har gitt oss, seier Bognøy.
– Referansegruppa skal også få gjera eit arbeid, før vi konkluderer og sender ei innstilling til fellesnemnda, seier leiaren i namnekomiteen.
Fellesnemnda får saka på bordet i deira møte 15. mai.

Namnekomiteen: Laila Pletten og Jostein Borlaug frå Radøy, Nils Marton Aadland (nestleiar) og Anne Grete Eide frå Meland, Nina Bognøy (leiar) og Asle Hetlebakke frå Lindås.

Referansegruppa: Språkprofessor Gunnstein Akselberg frå Universitetet i Bergen, Gunn Tove Kalnes Skjervheim frå idrettsråda, Jorunn Signe Brakstad frå eldreråda, Sigrid Aven Storheim frå ungdomsråda, Einar Vatne frå kulturområdet, Asle Hindenes frå næringsliv/-råd, Asle Hetlebakke frå politisk komite.

AV Randi Bjørlo

 

 

 

 

Close Menu