Kva er viktigast for deg?

Dersom du som innbyggar i Lindås, Meland eller Radøy tar deg tid til å sjå inn i den nye kommunen som skal byggjast, kva assosiasjonar gir det deg? Kva er det som er særeige og samlande for dette området? Er det vêret, nærleiken til byen, den  tette tilknytinga til sjøen, strilekulturen, dei historiske elementa eller heilt andre ting som er viktig for folket som bur her?

Felles identitet

Det er denne felles identiteten ein gjerne vil få fram når namnet på den nye storkommunen skal vedtakast. Difor vert de som bur i området inviterte til å delta i ei spørjeundersøking der ein vert beden om å kryssa av for kva assosiasjonar ei gruppe kategoriar gjev. Kategoriar og assosiasjonar er sett saman etter samtalar med innbyggarar som har levd det meste av livet sitt i desse kommunane og som har ei unik interesse for lokalhistorien. I tillegg har ein brukt innspel frå samlinga med førebels fellesnemnd og dei tillitsvaldei februar i år, og innkomne forslag til namn.
Målet er å finna svar på kva som er viktig for folk som bur her, for å finna felles identitet i dei tre kommunane.

Delta i spørjeundersøking

Prosessen med å koma med innspel på namn til den nye kommune, har pågått heilt sidan høyringsrunden for intensjonsavtalen på forsommaren i fjor. Som tidlegare nemnd er tida ein har til rådvelde no, rimeleg stram. Håpet er difor at flest mogleg av dykk kan setja av litt tid i påsken til å delta i spørjeundersøkinga, som BDO i samarbeid med CEO Node Create står bak.

Svarfrist er 20. april, og lenke til undersøkinga finn du her

Fleire namneforslag?

Med felles, framtidig identitet til desse tre kommunane i tankane, vert de som innbyggarar igjen inviterte til å koma med innspel til kommunenamn – gjerne med ei grunngjeving. Forslaga sender de til namn@einkommune.no

Eller de kan senda forslaga som brevpost til Meland kommune v/ John Fredrik Wallace, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

Frist for å komma med namneforslag er også 20. april. 

AV: Randi Bjørlo

Close Menu