Namnet har fullt fokus

Forslag 1No startar for alvor jobben med å finna namn til den nye kommunen som Lindås, Meland og Radøy skal byggja i lag.

Namnekomiteen har hatt sitt første møte i dag, og allereie 5. mai skal dei levera si innstilling med maks tre namn til ordførarar og rådmenn (Saksførebuande utval).

– Vi har konstituert oss i dag, og har fått laga ein tidsplan med milepæler for arbeidet som skal gjerast vidare, seier Nina Bognøy (bildet). Ho har fått leiarvervet i namnekomiteen, med Nils Marton Aadland som nestleiar. Dei andre medlemmane er Jostein Borlaug, Laila Pletten, Asle Hetlebakke og Anne Grete Eide. Det er og vald to varamedlemmar i kvar av dei tre kommunane

Stram tidsplan

IMG_4977Førebuande fellesnemnd skal 15. mai drøfta namnesaka, med innstilling til dei tre kommunestyra som må gjera sine vedtak før 22. juni. Då skal kommunestyra ha eit fellesmøte (§25 møte), leia av fylkesmann Lars Sponheim. Han sender så det nye kommunenamnet vidare til departementet, og endeleg godkjenning vert gitt i kongeleg resolusjon til hausten.

– Tidsplan er stram, og mykje skal gjerast før vi kan levera vår innstilling, seier Bognøy og legg til at dei ikkje startar jobben med blanke ark.

– Allereie i høyringsrunden for intensjonsavtalen vart det spelt inn ein del namn. Dei tar vi med, i tillegg til dei som er komne inn gjennom eit stort engasjement i lokalavisene, i lag med namn som er spelt inn på ordførarnivå i sosiale medier, og til kommunane, seier ho.

Samlande og framtidsretta

I mandatet som Førebuande fellesnemnd har gitt Namnekomiteen ligg der ein del prinsipp. Mellom anna at namnet skal vera geografisk og/eller eit stadnamn frå minst ein av dei tre kommunane. Og dei skal prøva finna eit mest mogleg samlande namn som flest mogleg av innbyggarane meiner lett kan identifisera kommunen.

– Vi har og fått i oppgåve å drøfta kor stor vekt vi skal leggja på historie i forhold til korleis namnet presenterer kommunen i framtida, seier Bognøy. Seinare kjem kommunevåpen og slagord.

Fleire forslag?

Samtidig som det altså ligg mange namneforslag frå tidlegare rundar, vil innbyggarane i dei tre kommunane bli inviterte til endå ein kjapp forslagsrunde.

-Men først skal det gjennomførast ei spørjeundersøking der ein blir invitert til å sjå inn i den nye kommunen og kva assosiasjonar det gir. Det vil, saman med dei nemnde prinsippa, strama namneforslaga som vert med i den vidare prosessen, seier Bognøy.

Referansegruppe

Ho presiserer at enkeltnamn ikkje har vore diskutert i dette første møtet.

-Fokus i dag har vore på prosessen og vegen vidare. I tråd med mandatet skal vi også knytta til oss ei referansegruppe med breitt lokalt engasjement, seier komiteleiaren som ser fram til ein utruleg spennande prosess.

-Håpet er at vi landar på eit namn som gir god felles identitet. Alle til lags gjer vi heilt sikkert ikkje – uansett kva namn som til slutt vert vald. Men eg kjenner meg trygg på at vi kjem fram til eit namn vi vil kjenna oss godt igjen i, og som vil bera oss inn i framtida, seier Nina Bognøy.

Av: Randi Bjørlo

Close Menu